| Generell info |
|
Postadresse STIFTELSEN JØNNBU |
| Kart |
|
|
"Der folket er, må kirken være", var ein draum for mange år sidan. Draumen vart verkeleg og Jønnbu fjellkyrkje vart reist på Lifjell i Telemark. Søndag 8. september 1968 vart grunnsteinen lagt ned, og i påska 1969 kunne kyrkja takast i bruk for første gong.
Jønnbu fjellkyrkje og ungdomssenter ligg 750 moh., med vidt utsyn mot Bø-bygda, Norsjø, Midt-Telemark og Grenlandsområde. Mot nord syner Lifjell seg fram, toppar og dalar som innbyr til opplevingar i snaufjellet.
Lifjell er eit fjell som kan gje deg det meste; lune dalar, gamle stulsvollar, fiskevatn og i rikt monn toppar som venter på dei som vil nyte vakker utsikt. Kyrkjerommet vil gje deg kvile og tid til ettertanke.
![]() |
![]() |
![]() |
Der folket er, må kirken være







